Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Parkering ved parkeringsplassen i Bjørkedjuvskogen (ved Folkehjelpshytta) eller der du sjølv finn det praktisk. Herfrå går du på vegen ca 300 m tilbakeog svingar inn på vegen som går bort til beiteområdet. Stien til Jodejuvet er merka frå eit lite uthus som står like ved beiteområdet og går først vestover langs elva ca 1 km. Dette kan kanskje virke ulogisk, men vert likevel lettare enn å krysse over dei våte og tunge Livstølmyrane. Over lette bergrabbar går du vidare langs vestenden av Livastølmyrane før du startar på oppstiginga mot Jodejuvet.
Når du har besøkt Jodekongen bør du gå tilbake og nordvestover ut på bråtet mot Riveland. Her får du flott utsyn over Årdal og store deler av Ryfylkefjordane.
Følg same rute tilbake til utgangspunkt for turen.