JORDDØGN SAMTALE: Opprør! Endring! - Men kven, og korleis, startar det?

Haugianar-rørsla som gav kraft til djupe endringar i det norske samfunnet, har blitt kalla eit bondeopprør. Men var det eigentleg det? I boka «Haugianarane» hevdar forfattar Trygve Riiser Gundersen...
16.Nov
-
4:00pm

Practical

Enjoy code: 370536
Type
Lecture
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo

Details

Haugianar-rørsla som gav kraft til djupe endringar i det norske samfunnet, har blitt kalla eit bondeopprør. Men var det eigentleg det? I boka «Haugianarane» hevdar forfattar Trygve Riiser Gundersen at eventuelle assosiasjonar til heva høygaflar krev nyansering.

Er biletet vårt av den norske bonden - både den historiske og samtidige – for stereotypt?

I dag, dryge 200 år etter Haugianarane, trekk designaren og nytenkaren Edel Urstad i lag med lokale bønder fulle hus landet over med sine «Mening, mat og mot»-møte. Urstad ønskjer å vekke ei nasjonal folkerørsle for norsk landbruk-, mat, og levande bygder.

Men kvifor ho og kvifor no?

Velkomen til samtale om grasrot-rørsler som flyttar fjell, og om kva politisk og kulturelt jordsmonn som må til for å næra dei.

Med Trygve Riiser Gundersen og Edel Urstad. Ordstyrar Tom Hetland, tidlegare redaktør i Stavanger Aftenblad

Maps