Details
Vi gjentek fjorårets suksess, og inviterer inn til juleshow på Kråen Gard, fredag 20. desember. Den beste måten å bruke førjulstida på, er å LE! Difor har vi satt saman eit gøyalt humorshow til deg, for å skape den ultimate julestemninga. Oskar Fjørtoft Sandanger har invitert med seg gode og morsomme folk, for å lage eit heidundrandes show for deg. Oskar Fjørtoft Sandanger jobbar som programleiar i NRK P3, og som komiker på scener som nieu scene og Det Andre Teatret. Han er aktuell med showet sitt «Steikje Løye» og er også programleiar i podkasten «Ta vare- med Hannah og Oskar». Først og fremst er Oskar ein stolt Sunnmøring, og ein stolt Larsnesing! Dei andre komikarane på scena er: John Gunnar Edvinsen- Han er tidligare kjent på Sunnmøre for sine herlige karakterar i "Sommarshow på Larsnes". Utenom dette er han manusforfatter for "Neste sommer" som ruller og går på TV-skjermen. Jesper Lange - Improvisatør, komiker og ein kløppar på parodi. Han er kjent frå VGTV sin serie "Ikke lov å le på hytta", som "Folkets deltaker". 18 års aldersgrense Arrangementet er sponsa av Sparebanken Møre og Larsnes Mek. Dørene opnar kl 19:30 Vi byr på smårettar og snacks.
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Available tickets
20/12 2024 kl 19:30