star
star
star
star
star

Knappstad - Knappstadstøylane og Eikefjordstøylen

På Knappstad tek du av Rv 5 ved busskuret og følgjer bygdevegen oppover og det er skilta til tursti. Ovenfor garden er det parkeringsplass og der står det informasjonstavle. Følg traktorvegen...

Practical

Enjoy code: 184655
Rasteplassen i Eikefjord på Rv 5 Rv 5 på Knapstad
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Elderly
Duration
5 hours
Distance
10.7 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

På Knappstad tek du av Rv 5 ved busskuret og følgjer bygdevegen oppover og det er skilta til tursti. Ovenfor garden er det parkeringsplass og der står det informasjonstavle. Følg traktorvegen oppover. Det er godt merka oppover i skogen og følg stien opp til Kvile på Langelia. Gå så rett fram over myra og du kjem inn i den brattaste delen av stien i Brekkene. Stien går no jamt bratt oppover til Ytrestøylen.

Knappstadstøylane er merka som Ytrestøylen og Indrestøylen på kartet. Du kan også starte turen frå inste enden av Rasteplassen ved Rv5. Då fylgjer du stien inn til undergangen på Øvrebøen. Her er det eit nytt skilt som viser til «Knapstadstøylen Kvile 2.3 km». Herifrå er det merka sti til Kvile/Langelia der stien kjem opp frå Knappstad. Dette er også ein fin sti å gå. Vel oppe på Ytrestøylen kan du no ta deg ein kvil og nyte utsikta. Vil du ha betre utsikt går du opp på Bleikeknollen nord for støylen. Frå Ytrestøylen kan du no gå til Indrestøylen eller utover til Eikefjordstøylen.

På turen frå/til Eikefjordstølen går du forbi Luciaræve og Rønmmeskåra. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømmebøtta i Luciaræva og rømmen rant ned i Rømmeskåra og derav kjem namna - Luciaræva og Rømmeskåra.