Konsert med CTG på Balestrand Hotell

Med ein coctail av hardtslåande rockehits frå steinalderen til moderne slegarar inviterer CTG deg til bankett etter Balestrand Opp på Balestrand Hotell. CTG har røter djupt nede i rockemiljøet i...
This activity is completed or marked as expired
07.Sep
-
9:30pm

Details

Med ein coctail av hardtslåande rockehits frå steinalderen til moderne slegarar inviterer CTG deg til bankett etter Balestrand Opp på Balestrand Hotell.

CTG har røter djupt nede i rockemiljøet i Høyanger. Orkesteret kjem frå trange kår i arbeidarklassen i industristaden, og har medlemer frå tre generasjonar med rock: Dei med si musikalske blomstringstid på 70-talet, då klimakset var å spele til dans på grendahuset i Åfjordalen. Andre har spelt landet rundt, på Topp20 og vert nominert til Spellemannspris. Yngstemann er ung og mest utan merittar. Eit foreløpig karrierehøgdepunkt var skarptromma i Balestrand Musikklag.

Fremst på scena står Anne Lene Hansen. Frå eit godt og trygt liv på austlandet, vart ho sjarmert av industristaden og industriarbeidaren. Eit sprudlande vesen som til tider klarer å halde orden på den ellers mannsdominerte kvintetten.

CTG ynskjer å ta deg med på ei reise frå rockeklubb til diskotek, frå nittitalet til motorsykkeltreff, frå stadionkonsert til funky fewer.

Lineup

Anne Lene Hansen - Vokal

Vidar Nygård - Gitar

Prikken - Bass

Bjarte Johansen - Keys og gitar

Lars Jonas Pedersen - Trommer

Practical

Enjoy code: 881069
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.