KONSERT MED TOM ROGER AADLAND

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med albumslepp og landsomfattande turné hausten 2024. Fredag 8. november besøker han Ulvik. På programmet står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på...
08.Nov
-
10:00pm

Details

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med albumslepp og landsomfattande turné hausten 2024. Fredag 8. november besøker han Ulvik. På programmet står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk, og eit utval songar han har skrive saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Vamp, Kjartan Fløgstad m.fl.).

Det nye albumet (utgjeving fredag 13. september) har tittelen «Lysvandring», og inneheld ni nye låtar som Tom Roger har spelt inn åleine med gitaren.

«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då fjorårsalbumet «Skyer» kom ut. Plata hausta mykje kritikarros, og blei nominert til årets album av Norsk Americana Forum. Ei rekkje av Aadland sine songar har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».

Tom Roger er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ei musikalsk feststund i Ulvik.

Practical

Enjoy code: 321526
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.