Korleis leggja til rette for eigen alderdom?

Korleis leggja til rette for eigen alderdom?Styresmaktene slit med å skaffa nok helsepersonell, og kjem stadig med oppfordringar om at me sjølv må leggja til rette for vår eigen alderdom. Dei...
07.Nov
-
7:00pm

Practical

Enjoy code: 607631
Type
Lecture
Target groups
Elderly, Adult, Youth
Source
LinTicket
External information

Sponsored links

Available tickets

Friday
07/11 2025 7:00pm
Kobbasteinen Kulturgard Kobbasteinen 7 4130 Hjelmeland
Provided by LinTicket

Details

Korleis leggja til rette for eigen alderdom?Styresmaktene slit med å skaffa nok helsepersonell, og kjem stadig med oppfordringar om at me sjølv må leggja til rette for vår eigen alderdom. Dei fleste av oss ser på bustaden som ei ramme som gjev oss tryggleik, både i gode og vanskelege tider. Men kan det koma ei tid der ein byrjar å vurdera om – eller blir tvungen til å innsjå at – den aktuelle bustaden ein har, ikkje lenger er den ideelle?

Det er ein folkevandring av menneske frå 60 og oppover på veg, og det er stor interesse for verdibasert fellesskap der ute. Det er viktig at folk bur slik dei har lyst til og slik dei finn meiningsfullt. Det er ikkje berre godt for den enkelte, men for samfunnet som heilskap. Eit verdibasert fellesskap byggjer på ei vifte av idéar og verdiar. Dette kan verka avskrekkande på nokre, men appellerer til mange fleire. Kan bufellesskap og klyngetun vera eit av svara på denne utfordringa, ikkje berre i byen, men òg på bygda?

Me har samla eit knippe erfarne og kompetente menneske for å drøfta desse spørsmåla.

Innleiing ved Marta Therese Gjestsen. Ho vil fokusera på digitale løysningar i eldreomsorga.

John Nessa vil leie panelsamtalen mellom Inger Lise syversen, Magnhild Meltveit Kleppa, Andreas Middelthon, Camilla Flem og Martha Therese Gjestsen.

NB! Parkering ved Randøy Grendahus, Randøy Ring 132, 4130 Hjelmeland.

Maps