KRIG OG PANDEMI I EUROPA

Med NRK-mikrofonen tett til brystet i uvær, akkompagnert av ulande flyalarmar og på alltid like flammande nynorsk, har Roger Sevrin Bruland gitt oss innblikk i både gode og særs utfordrande...
This activity is completed or marked as expired
03.Oct
-
12:00pm

Details

Med NRK-mikrofonen tett til brystet i uvær, akkompagnert av ulande flyalarmar og på alltid like flammande nynorsk, har Roger Sevrin Bruland gitt oss innblikk i både gode og særs utfordrande tilstandar i Midt- og Aust-Europa dei siste åra. Bruland har ei eiga formidlingsevne, og i 2022 fekk han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Nyleg gjekk han av som Europa-korrespondent for NRK og avslutta med det ei mangeårig journalistkarriere. I dette foredraget fortel han om kvardagen som Europa-korrespondent og korleis koronapandemien og krigen i Ukraina har påverka og endra Europa.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe dagspass og festivalpass:

FESTIVALPASS

Eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAGDAGSPASS FREDAG

DAGSPASS LAURDAG

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Practical

Enjoy code: 335694
Type
Scene
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links