Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Stigen startar ved hytta til Skjåk Almenning på Vikhø og går austover. Vikhøbue er ei sjølvbetjent hytte for overnatting. Nøkkel kan du låne hjå Skjåk Almenning. Langs stigen er det sett opp temaskilt som fortel om vassanlegg og vassveiter. Det er lett og fint terreng.
Flåtåtjønn er utgangspunktet for vatningssystema. For å få samla mest mogleg vatn, var det vanleg å byggje demningar. Det vart lagt ned eit stort arbeid i dette dersom dei skjønte at det kunne gje sikrare vatn lenger utover sumaren.
Sjølv om tjønna ligg høgt med lite nedslagsfelt, regnar det lett her. Fjellet stoppar regnet før det når fram til hovuddalføret. Ein ser ofte regnbyger inne på høene her, og da seier folk i Skjåk at dæ grin i høåm.
Når det skulle gjerast større arbeid på veita og dammen, var det vanleg å byggje seg eit kryp-inn, ei primitiv hytte, til å overnatte i. Flåtåtjønnbue er restaurert og i god stand.
Det var gardane Flåten og Jemnheim som fyrst av hadde rett til vatnet frå Flåtåtjønn. Ei mindre tjønn, Jemnheimstjønna, ligg inne på høgda nordvest for hytta. Vatnet frå desse to tjønnene vart teke saman i ei veit og så delt att nede i dalen ved gardane. Ved arv og handel har så vatnet frå her inne skifta eigarar mellom dei som kunne nytte det. I dag er det gardane Husom og Nordistun Kitilstad som har vassrettane herifrå.
Ta med deg fiskestong og prøv fisken på Flåtåtjønn. På attendeturen går du langs vassveita som gjev vatningsvatn til gardar i bygda. Ved Flåtåtjønn kan du ta av mot sør og følgje stignettet vidare til Bispberget, Forbergstjønn, Skamsarkampen og Einingstjønn. Du kan følgje stigen helt ned til Bismo eller gå via Bispberget til Bismo.