Similar alternatives
Practical
Sponsored links
Norli - alt i bøker og rekvisita
Details
På Hardanger fartøyvernsenter kan du i slutten av april vere med på kurs i åremaking. I lag med båtbyggjar Peter Helland-Hansen og lærling Jonathan Højland Høj får du kyndig vegleiing i framgangsmåten frå emneval til ferdige årer.
Gjennom kurset kjem du til å lære meir om:
- Åra sine namn, grunnmål og eigenskapar.
- Materialutvelging og oppmerking.
- Verktøy og sliping.
- Tradisjonelle arbeidsmåtar.
- Roteknikk og testing av dine eigne årar på fjorden.
- Årelapping og smøring.
Deltakaravgift: Kr7000,- inklusiv måltid og material.Har du nokon allergiar gjer du beskjed pr e-post og me avtalar med kjøkkenet.
Begrensa tal plassar.
Ved færre enn 4 deltakarar vert kurset avlyst.
Spørsmål til kurset sender du til
Svanhild Nesbø Epost:svanhild.nesbo@hvm.museum.no Telefon:0047 900 93 008 Frist for påmelding: 5 April
Overnatting: Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast fartøyvernsenteret er:www.hardangerferiesenter.no,www.oddlandcamping.no,ogwww.sandvenhotel.no(Thon hotell Sandven gjer alle kursdeltakarar rabattert pris, dersom ein opplyser om det ved bestilling av overnatting.)
Detaljert programvertsendtut til påmeldte deltakarar.Med atterhald om endringar i programmet.