Kurs i valdresspringar vidarekomne 2024

Instruktørar: Knut Arne Jacobsen og Anne Kjellfrid Nøbben Foto: Cathrine Dokken Valdresspringaren er ein av fleire såkalla bygdedansar. Dansen i Valdres har sitt særpreg: Dansen går i tredelt...
This activity is completed or marked as expired
10.Jul
-
3:30pm

Practical

Enjoy code: 451727
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Instruktørar: Knut Arne Jacobsen og Anne Kjellfrid Nøbben

Foto: Cathrine Dokken

Valdresspringaren er ein av fleire såkalla bygdedansar. Dansen i Valdres har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk. Kursa i springar og bonde får også ei økt med teori om bygdedansane i Valdres med Stian Roland. Her får du påfyll av både teori og praksis!

Kurset er for alle som har dansa springar før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Knut Arne og Anne Kjellfrid er begge røynde springardansarar, med solid erfaring frå både kappleikscene og som kurshaldarar. Med seg har dei Mari Ormberg som vil sørgje for stødig dansespel.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
  • Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag

Maps