star
star
star
star
star

Kvitberghytta

Gå opp hyttevegen mot nord på vestsida av Hamsa. Hyttevegen svingar mot nordvest og går snart over i stig. Følg stigen gjennom hyttefeltet og langs fossane i Hamsa. Etter 1,3 km er det merka ny...

Practical

Enjoy code: 278426
Køyr Rv15 4,3 km vest for Grotli i Skjåk, og ta av inn til rasteplass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa.

Alternativ rute: Køyr Rv15 13,2 km forbi Grotli og Rv63 Geirangervegen mot til høyre 4,2 km og parker.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Distance
8.1 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Gå opp hyttevegen mot nord på vestsida av Hamsa. Hyttevegen svingar mot nordvest og går snart over i stig. Følg stigen gjennom hyttefeltet og langs fossane i Hamsa. Etter 1,3 km er det merka ny løype opp til stigen gjennom Hamsedalen, som går til ei bu ved 2.vatn. Det er 5 km vidare innover Hamsedalen til Kvitberghytta som ligg 0,8 km nordvest for Viatjønn.

Ei alternativ rute er DNT-ruta frå Geirangervegen opp til Kolbeinsvatnet og inn i Skjåk. Gå langs Kolbeinsvatnet og ned i Vien. Ved Fremste Vievatnet må du gå i terrenget 0,7 km opp mot aust og Hamsedalen til Kvitberghytta.

Skjåk Almenning har utleige av Kvitberghytta med båt og garn på Viatjønn og Fremste Viavatn. Hytta er 20 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Du kan få fin fisk på alle vatn i Hamsedalen. Storleiken passar til god matfisk. Det blir fiska med garn i vatna. Vestsida av 2.vatn og 3.vatn er fint for oterfiske. Elles er vatna og Hamsa fine for stongfiske.

Den naturlege rekrutteringa er god i Fremste Vievatn. Kolbeinsvatnet er avhengig av utsatt fisk. Det er skjoldkreps i Fremste Viavatn, og fisken er raud i kjøtet.

Fiskebestanden er småvokst i Vievatn og Kolbeinsvatn. Begge vatn egner seg godt for garnfiske. Kolbeinsvatnet kan bli seint isfritt.

Flatvatnet og andre mindre vatn i Vien, egner seg godt til oter- og stongfiske.