Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Tursti til Ulvevold. (ca 300 m.o.h.)
Parkering: Parker ved kalkingsannlegget ved Låkafossen, men det må vera plass igjen til tankbil. Parker eventuelt over brua borte ved vegkryss.
Avstand til målet: Det er ca 1,8 km fram til Ulvevoldsvatnet og turen tar ca 2 timar tur/retur. Postkassen er plassert på den fine sandstranda der du fyrst kjem ned.
Vanskelighetsgrad: Grøn tur med fin traktorveg halve turen. Turen går så over i litt varierande terreng over bekker og myrar, så ha gode tette sko.
Om turen: Frå Låkafossenfølger du skilta/raude pinnar inn på fin traktorveg. Eit stykke oppe i lia kjem du til Oles steinbu. Denne gamle stølsplassen har Ole Fatland restaurert fint opp og bevart gamle ting i husa. Eit av husa har namnet Moldhytta. Det vart mjølka kyr her før i tida?. Tar du til høgre her ved steinbuene kjem du fram til ein fin utsiktsplass. Kanskje det passar med ein matpause i dette området. Turen går vidare på fin traktorveg som går over i sti. Hullahålo er neste merka plass, kanskje kjem ei hulder fram?. Følg raude pinnar innover til skilt som viser veg til Ilstveit/Imsland, kanskje ein rundtur. Men målet er rett fram til sandstranda ved vatnet. Eit anna alternativ er no rett nord og du kjem inn på sti til Koladalen, ein ny rundtur.
(Vindafjord Kommune)