Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Skildring av tur
Turen går for det meste i tørr og god sti; i starten gjennom bjørkeskog, og når du kjem over tregrensa går stien oppå ein rygg heilt til du kjem opp til Såtesteinane. Fin utsikt mot Hardangerfjorden, Samlen og ned til Herand langs heile denne ryggen. Ved Såtesteinane vender stien mot Såta, med utsikt mot stølane og tilhøyrande vatn. Flott utsikt i alle retningar når du kjem opp på Såta. Vidare går du ned til krysset med stien til Tostøl, og følgjer denne stien tilbake til Våhaug og vidare ned vegen til Langaskarv .
Denne turen er ein rundtur og er omtalt å starta ved Langaskarv, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Då går du opp til Våhaug og vidare mot Tostøl. Når du kjem oppover eit stykke er det skilta til Såta.
Sesong
Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen.
Råd for turen
-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du kan ofte gå denne turen i joggesko.
- Mobildekning det meste av turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.