Details
Er du nyfiken på folkedans, men under snittet glad i rømmegraut?
Då kan du skippe heile den tradisjonelle Leikfest-seremonien i Aud Max, og hoppe rett til desserten: Leikfest del 2!
Dette vert ein festkveld på Samfunnet utanom det vanlege. Det kjem til å myldre av folkedansarar på alle kantar, og det skal dansast i tre rom på same tid: I Klubben byter tre spelemannslag på å spele oss heite og sveitte, på Møterommet vert det blodtradisjonell bygdedans til tralling, flat- og hardingfeleslått, og i Halvors hybel vert det folkemusikk pynta med grove beats.
Bodegaen og Johannes held opent som vanleg. Det vert sal av uendelege mengder spikjekjøt og sveler i Rosehagen. Eit utal spelemenn kjem til å buskspelle i kvar ei krå.
Denne kvelden kjem du seint til å gløyme!
Det vert kamp om plassane, så sørg for å skaffe deg billett til denne "once-in-a-lifetime" hendinga.