star
star
star
star
star

Litle Høydal - Simavatnet

Køyr forbi "sentrum" i Litle Høydal, ta av frå hovudvegen Fv 542 på 2. avkøyrsla mot venstre. Bilveg fram til garden Hilleren som no er under oppussing/ombygging. Parker bilen der og gå vidare på...

Practical

Enjoy code: 580289
Kjør forbi "sentrum" i Litle Høydal 542 Rv, ta av frå hovedvegen på 2. avkøyrsla mot venstre. Parker ved Hilleren.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Elderly, Adult
Duration
30 minutes
Distance
8.6 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Køyr forbi "sentrum" i Litle Høydal, ta av frå hovudvegen Fv 542 på 2. avkøyrsla mot venstre. Bilveg fram til garden Hilleren som no er under oppussing/ombygging. Parker bilen der og gå vidare på skogsveg forbi murar etter gamale gardsbruket Lia og vidare til enden på skogsvegen. Frå skogsvegen går det godt synleg sti mot venstre i slakk motbakke til Høydalsmyrane og Høydalsstølen, der er ikkje hus på stølen. Her møter du stien som kjem frå Store Høydal. Følg stien, som også går til Håsteinen/Høydalsnipa. Gå over ei lita bru og vidare langs Høydalsvatnet. Der stien deler seg, ved skilt til Håsteinen ( T ), tek du til høgre på god sti gjennom fin bjørkeskog. Terrenget blir her brattare, men fint å gå. Stigning på omlag 200 høgdemeter frå Høydalsvatnet til du kjem opp og terrenget flatar ut. Undervegs er der ei fantastisk utsikt mot Høydalsvatnet, Florø og øyane i vest. Simavatnet og gjetarhytta kjem til syne når du er komen opp over det bratte partiet. Simahytta er eigd av Standal beitelag. Det er fint å gå vidare herfrå og opp på Håsteinen/Høydalsnipa.

Første del av sporet er teikna inn. Frå brua og opp er sporet gått.