Similar alternatives
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Details
I barneboka «Oskar og eg» møter vi Ida som er åtte år og bur i eit raudt, umoderne hus på toppen av ein bakke i bygda si, saman med mamma, pappa og veslebroren Oskar. Oskar greier å leike på ekte, men Ida har begynt å bli leikesjenert. Det er ikkje det same å leike på lat. Då blir den store, fine leikehytta i skogen lita og stygg.
Med leiken som sitt sverd og sitt skjold har borna i bøkene til Maria Parr dette til felles. Dei greier å gjere barndommens land til sitt eige. Møt Maria Parr og Åshild Irgens i samtale om korleis leiken og forteljingane kan vere nøklar til skattkammer i barndomslandet. Små, grå stader blir store og fargerike med fantasien som verktøyskrin og høgtlesinga som øvingsrom.
– Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lest for, seier Maria Parr.
Samtalen vert leia av Heidi Fagna ved Nynorsksenteret. Programmet er i samarbeid med Jølster mållag og Jølster litterære folkeakademi.
Vi ser fram til eit triveleg kveldssete med forfattarsamtale, høgtlesing, boktorg og kveldsmat.