Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
God traktorveg opp til Veldehytta. Ved Dyrhaug bør du ta ein liten avstikkar til høgre ved skilta Rasteplass og Dyrhaug og gå gjennom grinda - like ovanfor hytta som ligg her, er det flott utsikt over Vatsdalen. Få att pusten her før du går vidare innover vegen som nå er lett å gå heilt fram til Veldehytta. Vil du ta ein stopp til, så vil du sjå skilt om Revabås litt lenger oppe dette er ei fangstfelle. Sjå info. om slike fangstfeller på eiga info.tavle ved revabåsen. Veldehytta er alltid er open - her kan du skriva deg inn i hytteboka og ta ny rast. Utanfor hytta er det sett opp fleire skilt til ulike turar. Turen til Longåsdalen går langs same stien som Arquebusmarsjen har frå Eikås i Bjoa. Dette er også Haugesund Turistforening sin gamle sti frå Bjoa. Stien er godt rydda og merka med merkepinnar til Husafjellet. Herifrå er det malt raude merke på steinar og berg. Følg stien til Longåsdalshytta. Hytta står nå open for alle. Her er det bok å skriva seg inn i. Frå denne hytta går det 3 km lang traktorveg langs Longåsdalsvatnet. Når du kjem til endes av vatnet, kan du velja om du vil gå heilt ned til Bjordal eller ta av til venstre og koma inn på ny traktorveg som går heilt over til Tveit i Austreimsbygda i Skjold om lag 3 km fin traktorveg. I Bjordal har dei nytta vatnet i elva til småkraftverk og til eit gamalt restaurert sagbruk. Bjordalstunet er godt kjent for sine fine selskapslokal i dei gamle ombygde løebygningane.
Terreng: God traktorveg 3,5 km til Veldehytta. Frå Veldehytta går stien vidare på skrå gjennom lyng- og brakebelte til Samuelsvarden. Stien er godt merka og rydda. Frå skilt til Samuelsvarden er det lett å gå bort til Husafjellet følg merkepinnar og raude merke på berg og steinar bortover. Vidare går stien nedover rundt Husafjellet og ned mot Longåsdalen gjennom rydda sti i bjørkeskog og mot Vassnuten.Ta av til høgre ned til Logåsdalsvatnet ved skilt. Her nede kjem du inn på traktorveg som går til hytta og vidare langs vatnet og heilt ned til Bjordal.
Fottøy: Gode tette fjellsko.