Lyarscena: Betty Mouat - Med revna segl over Nordsjøen | Svanøy

Nye og gamle verk inspirerte av forteljinga om shetlandske Betty Mouat som skulle til Lerwick til legen, vart overraska av uveir, og dreiv i land på Lepsøya på Sunnmøre. 1. 1. Britt...
25.Apr
-
7:00pm

Details

Nye og gamle verk inspirerte av forteljinga om shetlandske Betty Mouat som skulle til Lerwick til legen, vart overraska av uveir, og dreiv i land på Lepsøya på Sunnmøre.

  1. Britt Pernille Frøholm - fele

  2. Kristina Farstad Bjørdal - trekkspel

Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.

Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.

Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.

Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.

Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»

Hovedgården tek i mot publikum frå 17.00 Du kan ete ein enkel middag i restauranten, eller kople av med eit glas i stovene.

18:30 Dørene opnar på Kjellarhuset.

19:00 konserten startar.

Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.

Practical

Enjoy code: 806788
Type
Scene
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo