star
star
star
star
star

Mosekleivhornet via Vardeberget og Grøtrøysa

Det er to ruter til Mosekleivhornet: 1. Dragseidet – Mosekleivhornet. Det er 16,5 km t/r og 996 høgdemeter Parker på parkeringsplass ved Vikinglandsbyen på Dragseidet mellom Stadlandet og Drage....
Photo: Lars-Helge Honningsvåg

Photos

Practical

Enjoy code: 530816
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Kids, Youth, Adult
Duration
4 hours
Distance
8.6 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Det er to ruter til Mosekleivhornet:

  1. Dragseidet – Mosekleivhornet. Det er 16,5 km t/r og 996 høgdemeter

Parker på parkeringsplass ved Vikinglandsbyen på Dragseidet mellom Stadlandet og Drage. Her kristna kong Olav Trygvason 4 fylker (Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke) i år 997 ! Det er også plassen for starten til fjelløpet Stadlandet Rett Vest (13,2 km) som går i Mai kvart år. Følg Skilting og røde pinner til topps. Stien går i lyng og nokre korte innslag av myr. Stien går jamt og fint oppover mot Vardeberget. Oppe på Vardeberget har du fin utsikt men ikkje 360 graders rundskue. Så er det berre å fortsett turen videre til Grøtrøysa som er omtrent like langt som frå Dragseidet til Vardeberget. Følg merking Stadlandet Rett Vest løypa. Du må over Langedalsnibba og Solumskard før Hoddeviksfjellet og siste slakke stigning mot Mosekleivhornet. Det er ein ca 200 meter avstikker til venstre frå Rett Vest løypa til Mosekleivhornet med flott utsikt til Hoddevik på toppen.

Om du vil ha ein kortere tur enn turen tilbake til Dragseidet 16,5 km kan du fortsette Stadlandet Rett Vest løypa til Stad Grendahus i Ervik (Refsnes (totalt 13,2 km , ca. 3 timer og 600 høgdemeter). Hugs bil/sykkel i Ervik (Stad grendahus) for retur til Dragseidet.

  1. Stad Grendahus i Ervik – Mosekleivhornet. Det er 8,4 km t/r og 488 høgdemeter

Kan selvfølgelig ta turen frå Stad Grendahus i Ervik (Refsnes). Då er det 8,4 km og det er berre å følge merking frå Grendahuset. Løypa går rundt Grendahuset og gjennom grind på baksiden, også tar du til venstre etter grinda. Litt bratte fjelknauser først også litt bløtt terreng før det er tørt og fin stigning heilt til Mosekleivhornet.

Dette er topp nr 12 i Stadlandet IL Fjelltrim