Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Moskam reiser seg bratt opp frå Kabrettstea i den store statskogen øvst i Gjerstad. GANGTID: Turen tar ca. 2 timer å gå. Det er 3 km til toppen og 2 km tilbake i den traseen som er beskriven.
TUREN: Som ein høg vegg reiser Moskam seg rett nord for Kabrettstea. Turen opp til denne lokale varianten av Besseggen, er grei å starte ved enden av bilvegen etter Marksettjenna. Vi går på kjerreveg inn til den gamle buplassen Kabrettstea. Her var det fast busetnad frå ca. år 1800 og vel hundre år framover. Gjerstad Jeger og Fiskeforening har stemt opp dammen i Kabrettstetjenna, kalka og sett ut fisk. Turen vidare mot Moskam er ikkje merka. På eiga hand kan du finne restane etter den gamle kverna i bekken frå Mosdalen, rett ovanfor tjørna. Her ligg ennå dei gamle kvernsteina. Det er best å gå på sørsida av bekken og krysse over litt før Sæstjønn. Her går vi rett opp lia, og klyv snart til venstre og opp på den opne eggen. Her er det smalt og luftig, med god utsikt. Den som er utrygg i høgdene kan gå på vestsida. Sjølv om Moskam bare er 519 meter over havet, opnar det seg eit vidt panorama oppe på den opne toppen. Turen tilbake kan gjerne leggast ned lia mot Matknappdalen.