star
star
star
star
star

Nåmdalsfjellet på Nygard i Modalen

Tur/retur 2,5 t: Enklaste sommarveg til toppen er frå offentleg P-plass 100 m frå stistart ved Fjellstølen hyttefelt. Det første stykket kan vere svært vått, så gode fjellsko/støvlar er tilrådd....
Photo: Liv-Anne Aanesen

Photos

Practical

Enjoy code: 377134
Til Mo i Modalen og vidare fv 345 til Øvre Helland, ta Nygardsvegen og køyr til Nygard. P-plass ved oversiktsskilt i krysset på Nygard, og også nokre p-plassar ved Steinavatnet.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
6.9 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Tur/retur 2,5 t: Enklaste sommarveg til toppen er frå offentleg P-plass 100 m frå stistart ved Fjellstølen hyttefelt. Det første stykket kan vere svært vått, så gode fjellsko/støvlar er tilrådd. Stien følger oppover på venstre side av bekken til du er i terreng med lyng og mose. Her går du vestover og er snart på bert fjell. Følg vardane fram til toppunktet. Turkasse.

Rundtur: Legg returen om Nystølen. Følg umerka rute nordaust ned frå toppen mot kraftmasta i synsranda, derifrå ser du Nystølen og følger merka rute langs Steinavatnet tilbake til start - det er merka sti på begge sider av vatnet.

Nåmdalsfjellet vinter: Den vanlegaste vinterruta går langs vestsida av eller over Steinavatnet inn til brua ved Nystølen. Derifrå går ruta sørover bratt opp lia mot kraftmasta i horisonten. Du kryssar under kraftlina og følgjer terrenget slakt oppover mot sør til toppen. Ta gjerne ein avstikkar over Svartavatnet på tilbaketuren før retur til start.