star
star
star
star
star

Naustdalkamben frå Sambraut/Naustdal

Alternativ rute til Dagsturhytta på Naustdalkamben. Stien går delvis på skogsveg og delvis på sti i grnskog. Den er tydeleg merka med pilar/spray og gule skilt med blå skrift "Nk". Denne stien frå...
Photo: Ragna Flatla Haugland

Photos

Practical

Enjoy code: 117071
Parkering på Gravplassen Sambraut på Naustdal/Haugen. Alternativ parkering på liten p-plass der skogsbilvegen startar (startpila i kartet står her), tett ved RV15 på oppsida av vegen mellom Ryssta og avkjøring til Løkjaneset. Den kan kome litt brått på frå riksvegen, så ver obs. .
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Youth, Elderly, Kids
Duration
30 minutes
Distance
3.2 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Alternativ rute til Dagsturhytta på Naustdalkamben.

Stien går delvis på skogsveg og delvis på sti i grnskog. Den er tydeleg merka med pilar/spray og gule skilt med blå skrift "Nk". Denne stien frå Naustdal møter begge stiane frå Grøthaugen/Bjørhovde og Reset i felles "stikryss" ovanfor Grøthaugen. Herifrå føl ein hovudstien mot toppen, som har retning mot vest.

Dette er den brattaste vegen til Naustdalkamben, så for dei minste barna er turen frå Reset den kjekkaste. Men dette er ein fin motbakketur for den som ønskjer stigning.

NB! Ruta i kartet er berre omtrentlig plassert for stien gjennom den brattaste granskogen og vil nok ikkje stemme heilt med stien sin egentlege plassering i terrenget... Stien er heller ikkje merka i kartet heilt frå gravplassen, men berre frå den vesle p-plassen på oppsida av RV 15 der skogsbilvegen startar.

Frå Sambraut/gravplassen på Haugen/Naustdal: Parker bilen her og gå Naustdalsvegen nedover nesten 400 meter, til du kjem til innkøyring til Haugland Glasservice. Gå til høgre her, forbi låven og gå forbi tunet inn på en liten "grasveg" som følger deg under bru/kulvert der RV 15 går over. Gå vidare opp til skogsvegen som er vist i kartet.