Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Bruk parkeringsplass ved bru over Vetleelva, på Fv 123, ved Nedre Bolstad. Følg skiltinga gjennom gardstunet på Nedre Bolstad. Stien går i slakt terreng opp til stidele. På Fusa-sida av fjellet er det to alternative vegar, enten å gå via “Stegen” (raud sti) eller via Bergsenden (blå sti). Ved “Stegen” er det to stigar opp ein loddrett bergvegg, opphavleg sett opp av telegrafarbeidarar kring hundreårsskiftet 1899/1900. Om du går via Bergsenden er stien 1,5 km lengre og kryssar Vetleelva to gonger
Oppe i Røyndalen (317 moh) kryssar du grensa til Kvam og tek innover dalbotnen på god sti. Ved enden av vatnet Skarsdemma kan du ta av mot Aksete og Kråkenos (814 moh). Ned mot Bru er det god skogsveg. Ta t.v. ved Breimyr mot Strandebarm fjordhotell.
Stien følgjer delvis ein gamal ferdsleveg mellom Øvre Hålandsdalen og Strandebarm over Bergsenden. Frå gamalt av gjekk det hestedrifter her på veg til Røldalsmarknaden og vidare sal på Austlandet. Vegen vart nytta til handelsturar, postombering, konfirmasjonsførebuing, turistferdsle, yrkesærend og personlege ærend. Det var vanleg å gå denne vegen for å handla i butikken på Bru. Før dampskipsferdsla i 1870-åra var dette den raskaste vegen til Bergen frå Strandebarm.
NB Høgdeprofil syner tur-retur Bolstad - Bru til bru via stigane og retur utan stigane.