star
star
star
star
star

Norddalsfjord Moane. Midtbø til Lykkjebø/Løkkebø

Frå Norddalsfjord kan du gå til Midtbøstøylen og over til Løkkebø. Stien er ein gamal ferdsleveg mellom Norddalsfjord og Løkkebø i Eikefjord. Denne turen er fin å gå begge vegar og du kan gå deler...

Practical

Enjoy code: 405350
Fylkesveg 644 til Moane - Idrettsanlegget i Norddalsfjord Fylkesveg 615 til Løkkebø og vidare opp til parkering ved Nerstøl.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Elderly
Duration
30 minutes
Distance
6.5 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frå Norddalsfjord kan du gå til Midtbøstøylen og over til Løkkebø. Stien er ein gamal ferdsleveg mellom Norddalsfjord og Løkkebø i Eikefjord. Denne turen er fin å gå begge vegar og du kan gå deler av den. Turen startar på Idrettsanlegget på Moane. Følg vegen frå idrettsplassen i ca 300 meter og ta av til høgre ved pilskilt til Midtbøstøylen. Støylsvegen er godt merka og god å gå . Brekka er det litt bratt og du kan unne seg ei rast på Kvilet og reflektere over Vinje sine ord: «Å kvile på vegen gjev styrke i bein, og kan du, så bør du det gjera» Følg stien vidare til støylen der sela ligg på rekkje langs ein bergknaus. Dei sju sela på støylen er mykje brukt og det er eit grindbygg som er ope for alle. Bålpanna står klar til bruk.. Stien er godt merka austover frå Midtbøstøylen i lett terreng. Ved « vegskillet» ca 1, 5 km aust for støylen må du følgje pilskiltet mot Løkkebø. Vidare forbi Gokleiva og opp Rognebakkane der det er litt bratt. Snart er du ved Varden, ein stor stein, der det er pilskilt som syner veg til Midtbønipa. Det er ca 250 høgdemeter opp og stien er merka med små vardar. Ved Varden på veg til Midtbønipa, er det pilskilt til Løkkebø. Stien er merka med raude trekantar og raude pålar. Her kan du nyte utsikta til Fridalsvatna i aust og mot dalføret frå Løkkebø til Hyen. Til Løkkebø er det no unnabakke i fint terreng ned mot Høgelia og Indrestøylen. Frå støylen og ned til øvste garden på Løkkebø går du fyrst på sti og så på skogsveg.