Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen. Følg skogsvegen nesten til endes der det går ein «arm» av skogsvegen til høgre. Følg denne til endes og sti vidare nordvest over til du kjem til Frishatten.
Når du er kommen til Frishatten har du gleda av utsikta sørover og austover. Gå vidare på vestsida av tjernet og følg tråkk nordover. Hald til venstre for to myrer og når du har passert desse går du over ein liten bekk og finn tråkk nedover i tett furuskog. Landskapet opnar seg og tråkket dreiar litt i vestleg retning og fortset over eit myronråde. Du kjem til ein fjellknaus og gå langsmed denne i grasskråninga. Her dreier stien opp på berget og ein får fin utsikt mot Fessene og Storevatnet. Følg tråkket vidare nedover i nordvestleg retning, gå rett fram og kryss rett over ein tydeleg sti. Stien kjem etterkvart over på berg og skiltet som viser veg til Storevatnet, Frishatten og Svanevatnet, ser du rett forut. Herifrå er det merka sti til Svanevatnet.
Når du er komen til endes av Svanevatnet ved elvemunningen, tar du rett austover til venstre ut av merka sti og oppover til tydeleg tråkk. Følg dette til Reset. Her møter du stien som går tilbake til skogsvegen. Ta av til stien som går over Langeberget og snart er du ved bilen.
Svanevatnet er eit spanande turmål og nokre huskar kanskje vinteren/våren 1979 og all merksemda omkring meteoritten, himmelsteinen eller kva det var som lagde stort hol i isen. ( Firdaposten 24. april 1979