Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Ein kan gå til Nuken frå mange stadar, så legg ved eit bilde med ulike rute-alternativ. Inntegninga på denne turen er ifrå parkeringsplass på Utvikfjellet, der ein går til Støyvastøylen.
Turen kan vere ein like fin skitur, som fottur.
Kort beskrivelse av dei ulike rutene, sjå bilde for fargekodar:
Nuken ligg på 1300 moh mellom Skavegga og Blåfjellet. Toppen ligg på grensa mellom Gloppen kommune og Stryn kommune.
Det er mogeleg å gå frå Utvikfjellet (Brekka, eller heilt frå Svoda. Den lilla turruta er sett opp frå Brekka.
Frå Utvik går ein som regel alltid frå Instesvingen / skogsvegen enten om Verlostøylen, eller om Myklebuststøylen. I det vedlagde kartet er det vist 3 ruter til området under Nuken, og to ruter til toppen. Det sjølvsagt mogeleg å gå andre vegar også. Det er også vist ei rute som forbind rutene på begge sider av Storelva. (Grøn rute)
- Lilla rute: Denne startar på Brekka ca. 600moh, og føl vegen som går til Støyvastøylen. Ved Middagshaugane tek ein av og føl råsa vidare til ein kjem til Tverrelva. Råsa kryssar tverrelva og ein føl råsa vidare forbi «luksuskåken» og vidare under skaveggeneog fram til Nukaflata. Lengd: ca. 5,0km, stigning ca. 220m.
- Blå rute: Her startar ein ved instesvingen på fv60 (v/vegbommen på skogsvegen). Ein går litt oppover fylkesvegen ca. 60m før ein tek av mot venstre og føl støylsvegen til Verlostøylen og merka rås vidare derfrå til Nukaflata, der blå rute og lilla rute møtest. Lengd: ca. 4,6km, stigning ca. 520m
- Raud rute: Frå krysset til Lilla og Blå rute føl ein råsa mot Svartebotnen. No har ein Nuken p venstre handa. Når fjellet opp mot toppen på Nuken byrja flate ut forlet ein råsa mot Svartebotnen og finn høveleg veg opp til toppen. Her er det ikkje fast rås. Ein treff tidvis på reser etter sauer i lia opp mot toppen. Disse kan ein følgje slik det passar. Når ein nærmar seg toppen blir det meir stein/ur og fjell. Lengd: ca. 3,3km, stigning ca. 480m
- Svart rute: Denne går frå Instesvingen og føl skogsvegen ca. 700m. Etter ein har gått gjennom grinda på skogsvegen og kryssa Storelva føl ein skogsvegen ca. 200m til. I vegkrysset ein då kjem til tek ein til høgre og føl myklebuststøylsvegen til Myklebuststøylen. Vidare føl ein delvis merka rås til ein kjem til gjetarhytta Jervebu. Lengd: ca. 5,3km, stigning ca. 630m
- Oransje rute: Frå Jervebu går ein fram dalen og held til høgre mot Storelva. Ein føl elva fram til brua. Denne er merka med ein kvit stake. Vidare held ein mot høgre og finn høveleg veg til toppen av Nuken. Lengd: ca. 2,3km, stigning ca. 380m
- Grøn rute: Denne ruta forbind rutene på kvar side av Storelva, og gjer rundtur mogeleg. Ved stor vassføring i Elva kan det vere ei utfordring å krysse den. Ein bør krysse elva på sørsida av reset som går frå Jervebu og mot Nuken. Eit alternativ er sjølvsagt å bruke brua som ligg på ruta opp til toppen av Nuken. Skal ein tilbake til Brekka er det ein fordel å halde mot venstre rundt Nuken og kom godt bak Tortnegjelet. Skal ein til Verlostøylen føl ein gjelkanten og går gjennom Tortnegjeletog kjem innatt på blå rute etter Tortnegjelet.
NB! Tid på denne turen er kun eit estimat, på noverande tidspunkt har vi ikkje gått opp ruta. Integning siste del mot Nuken er ikkje GPS-spor, kun tegna på frihand. Gå der det ser best ut, og bruk inntegning som retningsgjevande.