Similar alternatives
Details
Nybrottfestivalen 25 byr deg på nokre dager der me har fokuset på den nye musikken og uhilda klang. Kvelden er kuratert med varsemd, der ein blandar dei som er røynde og garva med dei som er komande og som stormar opp og ut! Denne kvelden markerar 10 år med Utyske, og er samstundes avslutninga på Utyske som arrangør.
LØRDAG 01.02 kl 20:00 Weston Olencki er ein musikar og komponist frå Søndre-Carolina i USA, busatt i Berlin. I tillegg til å vær ein framifrå trombonist, driv han med preparert banjo - klangane som kjem frå den amerikanske utgåva av det Vest-Afrikanske instrumentet, er ulikt all anna instrumentering. Olencki sin metode for banjo-spel kan skildrast som ekstrem. På søndagen opptrer han saman med Insimul då dei skal spela (blant anna) hans musikk.
Lasse Marhaug og Nils Henrik Asheim er to av dei beste musikarane og komponistane i moderne tid i Noreg. Ein omnipotent duo der me får høyra Marhaug på kva enn instrumenter han har med seg og Asheim på orgel.
Bankvelv er duoen med Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang. Opphavleg kjem dei frå kvar sin bakgrunn; jazz/impro og folkemusikk. Dei har jobba med å spela repertoar frå vestlandet, og legg vinn på å framføra det medan dei diktar fritt oppå og attmed - i dansetakt.
Sofia Borges er ein portugisisk musikar og komponist med si kjerneverksemd i Berlin. Ho kjem til Tou for å arbeida med lokale musikarar, og me får høyra urframføring av verket "Signs of Fire". Besetninga: ⪧ Sofia Borges - Slagverk ⪧ Maja Persson - Saksofon ⪧ Agnes Viksten - Saksofon ⪧ Frode Gjerstad - Saksofon ⪧ Papole Khaki - Trombone ⪧ Torbjørn Säll - Piano ⪧ Aleksander Bøhler - bass ⪧ Jonas Sundal - Gitar
DJ ANTI-MATERIAL er Markus Hagen, bassist og lydkunstnar fra Stavanger, kjent fra band som STAER og Johnny Hancocks.
SØNDAG 02.02 kl 19:00 Insimul med Westen Olencki. Moderne søndag #7: moderne musikk fra østeuropa. Isidora ebeljan - Songs of a traveller in the night Milica Djordjević - Rdja Milica Djordjević -Transfixed Isidora ebeljan - Pomolka quartet Witold Lutosławski - Danse preludes