Details
Tobias Sten frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten, og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring. Tobias lener seg mot singer-songwriter-sida av countrymusikken, og hentar inspirasjon frå Zach Bryan, Jason Isbell og Watchhouse.
Med sine personlege tekstar om oppvekst på bygda, og sterk formidlingsevne, er Tobias eit friskt pust i norsk musikk som gir den yngre generasjonen ei røyst på stordamål i countrymusikken. Han har alt markert seg som ein artist å følgje, og mange ser fram til kva han vil bringe til countrymusikkens i åra som kjem.
Som oppvarming får me det svært lovande Stodbandet Epilogue. Bandet består av Elliot Sönnerlid (vokal/gitar), Rasmus Nybø Kaldestad (vokal/gitar), Annaleah Tveita (bass og Asbjørn J. Raunholm (trommer), Dei spelar sjølvkomponert musikk i indielandskapet.
Arrangementet er eit samarbeid mellom 100dagar og Open Arena.
Obs! Fri aldersgrense. (alkoholfritt)