star
star
star
star
star

Over Midtfjellet til Kongsen

Turen starter på grusveg opp frå hovudvegen ved Kalvenes. Oppe på flaten tek du lett til høgre og deretter til venstre ut i terrenget før pumpestasjonshytta. Turen er ein umerka natursti i ope...

Practical

Enjoy code: 183401
Det er parkeringsområde langsmed hovudvegen på Longastykket. Grusvegen har grind og ligg vinkelrett på hovudvegen.
Bussruter til og frå Stolmen har stoppestad i nærleiken.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Elderly, Kids
Duration
2 hours
Distance
5.9 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen starter på grusveg opp frå hovudvegen ved Kalvenes. Oppe på flaten tek du lett til høgre og deretter til venstre ut i terrenget før pumpestasjonshytta. Turen er ein umerka natursti i ope terreng. Den er godt opptråkka, slik at det likevel er greitt å finna fram. Terrenget er først lett stigning over bekk og berknauser blandt einer og lyng til du kjem opp på fjellryggen i vest. På dager med god sikt kan du heile tida nyta utsikten i alle himmelretninger i det opne landskapet. Høgaste punktet på Midtfjellet er omlag 160moh. Turen går så vidare i sydvestleg retning, rundt Longatjern og ned i Kongsdalen. Her tangerer du den merka Nordsjøløypa og går deretter langs stien mot venstre for å skrå opp fjellsida mot Kongsen. Denne delen av løypa har jamn og fin stigning. På Kongsen har du 360 grader utsikt til heile søre delen av kommunen og nabokommunane. For å komma attende til utgongspunktet veljer du stien som er tråkka mot nordvest i retning mot Kalvaneset. Første del er noko bratt i stein, før den flater ut bort til grusvegen. Heile rundløypa måler 6 km