star
star
star
star
star

Rambjørgebotnen, Bjørgjaryggen , (Bjørga) og Høgerindnipa

Dette er ein lang tur i mektig og kraftig brelandskap i Jølster. Absolutt ein langtur som er verdt å få med seg på ein solrik og varm sommardag. Du får oppleve alt frå støylsidyll, til brelandskap...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 153985
Frå Skei køyrer du inn på Fv453 til Stardalen. Rett etter Stardalen Sommarkafe køyrer du over brua og køyrer mot Befring. Også skilta mot glattkøyringsbane. På Befring køyrer du opp skogsvegen mot bomavgift på 50 kr. Lat att grinder etter deg, og ver merksam på at det går storfe i området der du parkerer bilen.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Elderly, Adult, Kids
Duration
10 hours
Distance
8 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein lang tur i mektig og kraftig brelandskap i Jølster. Absolutt ein langtur som er verdt å få med seg på ein solrik og varm sommardag. Du får oppleve alt frå støylsidyll, til brelandskap og "rett ned utsikt" mot Kjøsnesfjorden.

Du startar turen med å passere Flatjordstøylen og Grepstadstøylen. Støylane ligg idyllisk plassert med usikt rett mot Bjørgjaryggen, Bjørga og brearmane frå Jostedalsbreen. Kunstnaren Nikolai Astrup har ein gang i tida stått her og måla støylane og fjellpartiet. Frå støylane følgjer du i stor grad elveleiet og går slakt oppover på god sti opp til Rambjørgebotnen. Du kan passere elva på bru for å ta fatt på den bratte sida opp mot Bjørgjaryggen. Her kan det òg vere lurt å fylle opp vassflaskene.

Frå Rambjørgjebotnen var det vanskeleg å finne sti oppover mot ryggen. Det kan vere lurt å speide etter beste rute før du tek fatt på oppstigninga. Når du har passert den bratte lia opp til ryggen har du tatt mange høgdemeter, og følgjer ryggen vidare i sørleg retning. Ryggen er fin og god å gå på heile vegen. Det er berre eitt parti der du må runde deg opp på austleg side av ryggen. Dette partiet er rett ovanfor Blåvatnet. Her er det noko brattare terreng enn ellers på ryggen.

Etterkvart som du gjer det ferdig med ryggen går du gradvis over i terreng med meir stein og ur. Inn i mellom finn du raude merke etter fjelltrimrute som har gått til toppen Bjørga. Om du vil kan du ta ein avstikkar (15-20 min?) frå der dette sporet går, og ta turen oppom Bjørga også.

I det du passerer Bjørga på vestleg side av deg, held du fram i sørleg retning over høgderaget (1524 moh.). Frå dette området må du rekne med å gå i ein del snø. I alle høve tidleg på sesongen. Dette kan vere fordel sidan det er mykje ur og stein i området. Når du kjem opp på høgda 1524 moh. ser du Høgerindnipa ligge som ein rygg framfor deg. Du får nokre høgdemeter ned før du går i slak stigning ut mot nipa.

Pga. at eg gikk med hund valgte eg å starte turen med elvekryssing ved kraftdammen i Befringsdalen. Periodevis, når elva er stor, kan dette vere krevande å gjere. For å unngå dette kan du velge å gå mot Befringsstøylen og passere hengebru over til dei to andre støylane. Du kan òg køyre opp skogsveg frå Lyngstad.

Du går i brelandskap heile vegen men er ikkje innom bre på ruta. Sjølv om det er strie og vassrike elvar du passerer, er det ingen vading sidan det er tilrettelagt med bruer.

Med retur same veg vert dette ein tur på omlag 15-17 km. Du kan ta retur same veg, eventuelt kan du returnere via Trollebottsvatnet og Fossheimsdalen.