star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord - Kvalvikstølane - Strandanipa - Hovlandsstølane

Start ved RV 5 og følg stølsvegen opp til Kvalvikstølane. Når du kjem opp til stølen, gå på utsida av gjerdet opp til vegen. Om sommaren er det mykje lauv på trea og stien er delvis dekka av gras...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 201439
Parker ved "garasja" på Fv 542 og gå opp til RV 5 der sporet på kartet startar ved grinda til stølsvegen
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Youth, Elderly
Duration
6 hours
Distance
10.3 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Start ved RV 5 og følg stølsvegen opp til Kvalvikstølane. Når du kjem opp til stølen, gå på utsida av gjerdet opp til vegen. Om sommaren er det mykje lauv på trea og stien er delvis dekka av gras og bregner. Fin haust og vår tur. På vegen går du litt vestover, opp i terrenget og gjennom grinda og forsett på sti. Tråkket som vi har følgd gjekk på og uteanfor sti. Vi følgde steinar som var lagt som markeringar/små vardar. Ved den gamle stølsmuren nordvest for Kvalvikstølane ser du eit svart berg midt i fjellsida. Gå opp til det svarte berget og passer på høgre sida. Fortset vidare nordover og etterkvart drei vestover mot toppen. Du kjem inn på den tydelege stien mest på toppen - det er stien som kjem frå Hovlandsstølane. Følg fjellryggen vestover/utover til varden på Strandanipa, 668 moh. Fin utsikt.

Tilbake gjekk vi austover via Hovlandsstølane. Det er fint nedover. Har fin utsikt og det er lite skog. Du går langs Lomlivatnet og over til Brekkene. Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen ned til du tar av til høgre og inn på den gamle stølsvegen ned til Eikefjord.

Sporet blei gått 19 06 2019