star
star
star
star
star

Rasteplassen. Eikefjordstøylen - Hovlandsstølane - Kvalvikstølane. Rundtur

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 958423
Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Adult, Kids, Elderly
Duration
3 hours
Distance
8.5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Oppe ved brua er stidelet til Knapstadstøylane. Går du austover og følgjer raud/blå merking innover, kjem du til Ystestøylen. Gå over brua og vidare oppover til Eikefjordstøylen må du være spesielt oppmerksom i Rømmeskåra. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømme bøtta i Luciaræva og rømmen randt ned i Rømmeskåra og der av kjem navna - Luciaræva og Rømmeskåra Er fjellet vått kan det være glatt og isete. Frå Eikefjordstøylen er det flott utsikt over bygda og fjorden.

Det er merka sti til Knappstadstøylane.

Turen videre går over til Hovlandsstølane. Det er godt merka utover

Frå Hovlandsstølane kan du gå opp over mot Skreene, Norddalsfjord, Blånipa og Strandanipa

Turen over til Kvalvikstølane er delvis merka, men den går på ryggen vestover i fint terreng. Det kan tider være vanskeleg å krysse elva vestafor Hovlandsstølane. Den blir lett flomstor med mykje regn og ved snøsmelting

Frå Kvalvikstølane går du vegen ned til parkeringsplassen/rasteplassen