REDD EIN FJORD

“Redd ein fjord!” er tittelen på ein teatertekst skrive av forfattar Marit Eikemo for Den Unge Scenen (DUS) der handlinga tek utgangspunkt i aksjonane i Vevring i mai 2022 mot dumping av gruveslam...
06.Oct
-
12:00pm

Details

“Redd ein fjord!” er tittelen på ein teatertekst skrive av forfattar Marit Eikemo for Den Unge Scenen (DUS) der handlinga tek utgangspunkt i aksjonane i Vevring i mai 2022 mot dumping av gruveslam i Førdefjorden. Den ytre handlinga krinsar rundt ein gjeng med ungdommar som har lenka seg saman i protest. Demonstrasjonane eskalerer, og til slutt kjem politiet og ungdommane blir bore bort og arrestert. Samtalane ungdommane imellom krinsar rundt dei store, alvorlege og eksistensielle spørsmåla om klima, framtida for dei unge og livet i fjorden, men også rundt nære spørsmål om vennskap, kjærleik, ansvar og tillit. Marit si dotter Asta Eikemo var ein av ungdommane som protesterte - og vart arresterte.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASSeller dagspass:

DAGSPASS TORSDAGDAGSPASS FREDAG

DAGSPASS LAURDAG

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Practical

Enjoy code: 709941
Type
Scene
Target groups
Adult, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo