star
star
star
star
star

Risfjell i Gjerstad kommune

Risfjell ligg i Gjerstad kommune, nord for Heiland ved FV71.Turen på Risfjell går gjennom småkupert skog og fjell, med utsyn, og blir her skildra som rundtur om Steinhytta og toppen på Risfjell...

Practical

Enjoy code: 818045
Frå E18 følger du Fv 418 mot Gjerstad og FV71 mot Øy. Etter om lag 26 km kjem du til Heiland, og rett etter rasteplassen der tek du første veg bratt opp til høgre. 1 km
opp til parkering før Stemtjenn ved infotavle og løypestart.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult
Duration
3 hours
Distance
9.1 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Risfjell ligg i Gjerstad kommune, nord for Heiland ved FV71.Turen på Risfjell går gjennom småkupert skog og fjell, med utsyn, og blir her skildra som rundtur om Steinhytta og toppen på Risfjell (503 moh). GONGTID: 3 t, ca 8 km. Kart: Turkart Gjerstad, frå Friluftsrådet Sør.

TUREN: Turen startar ved Infotavla og går rett austover over bekken og følger varda og blåmerka løype opp gjennom lia. Etter ei stund i småkupert skogsterreng med bærmark kjem me ut på dei fine svåfjella ved Krikklifjellet. Her er det godt utsyn mot vassdraga ved Heiland og heiane rundt. Under fjellet låg heigarden Krikkli. Rett etter fjellet kan du ta ein liten avstikkar opp til venstre og sjå den vakre Gullknapptjenna. Vidare til Steinhytta går løypa mykje på fjell i opnare lende, forbi små myrar og tjennar. Dette er kanskje den vakraste delen av turen. Midtvegs går det stikkveg opp til toppen. Steinhytta blei bygd av karane i Øygarden ved Trydal den gongen dei slo graset på myrene. Høyet blei frakta ned til Skorva. Siste slåtten var i 1943, men Steinhytta er restaurert så det går å overnatte her. Inne i hytta ligg det turbok. Rett sør for Steinhytta ligg Risfjellvatn. Me følger løypa vidare vestover litt nordaføre der me kom. Løypa går i myrlende med litt kupert fjell og skog imellom, mot toppen av Risfjell på 503 moh. Her er òg turbok for namnskriving. Det er tid for kafferast på toppen. Dei fleste vel truleg å raste både ved Steinhytta og på toppen, om dei går heile runden. Etter ei kvile går turen ned fjell og skog til Risfjelldalen og på veg siste beten til parkeringsplassen. ALTERNATIVE RUTER: Frå toppen av Risfjell går det løype sørover til løypa mellom Krikklifjell og Steinhytta. Løypenettet blir derfor som eit 8-tal, og løypene kan varierast til ulike lengder etter dagsform og lyst. Heigardane Risfjell ligg midt i nettverket av nedlagde buplassar i Gjerstadskogane. Det var tre storgardar: Markset, Ljådal og Heiland, og ei meng småplassar. Nærast Risfjell ligg Krikkli, Finnen, Skorva og Solem. Ved Sandva var det skule og skulehus fram til 1916 då dei fleste heigardane blei fråflytta. Tre dalar Frå Risfjell ser ein godt to av dei tre dalane som går gjennom øvre Gjerstad. Me har starta frå Heilandsvassdraget som er det søndre. Når me ser nordover ser me ned mot vassdraget som kjem frå Uvdalen, renn forbi Fjosbu og ender i Lundvatn ved Valle. Det tredje dalføret, Digerdal ser me mindre til herifrå.