Similar alternatives
Details
Rockweekend er ein årleg musikkfestival som har vert arrangert på Igandsvik i Ytre Bremanger sidan tidleg på 80 tallet.
Sommaren 2022 vert festivalen arrangert 08 - 10 juli.
Dei fleste konsertane her foregår på Havlys intime klubbscener kor ein får oppleve artistane svært tett på.
På dagtid har vi gratiskonsertar og andre aktivitetar for store og små på idylliske Iglandsvik.
I tillegg arrangerer vi stor konsert i Bremangerhallen som avsluttning på søndagen.
Klubblokalet vårt Havlys ligg idyllisk til i ei lun havn i eit verneverdig sjøhusmiljø på Iglandsvik i Ytre Bremanger. Her har ein det meste ein treng disse festivaldagane.Joker daglegvarer, Havlys pub og kafe, Farmen livstilsbutikk og kafe og ikkje minst Iglandsvik Marina med idyllisk beliggande gjestehamn,bubilparkering,campingvogner , nytt område for teltcamping og eit velutstyrt serviceanlegg.
Iglandsvik er og eit godt utgangspunkt for turar til fantastiske Grotlesanden, Vetvik og mange andre perler i Ytre Bremanger.
Fakta
Rockweekend har vore arrangert sidan 1982,dei seinare år av Opplev Bremanger
Langhelg med mange gode musikkopplevingar –sommaren sitt eventyr i havgapet.
Liv og røre i bygda med møteplassar både for fastbuande og tilreisande.
Rockweekend 2022: Adam Douglas, Black Debbath, Brazzbrothers med Frode Alnæs, Oddny og Blomenholm