Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Når ein kjem opp til vatnet, ta til venstre før brua og fylj stien til du er like før hyttene. Der tek du stien opp til venstre og kjem til Rubbelii. Her får ein flott utsyn over heile vatnet, ein ser stølane på Solsæ, samt den majestetiske Vassfjøro. Gå tilbake eit stykke til du finn ein sti ned til venstre til hyttene. Gå mot vatnet, og du finn att stien. Følg stien gjennom skogen og langs vatnet, stien er merka. Ein kjem så til ei hytte, og går no over på skogsvegen, fylj denne til stidele, og ta ned til høgre og gå over brua til Solsæ.
På Solsæ er det fint å raste før ein tar vegen vidar. Etter at du har gått frå Solse, kjem du til ei ny bru gå over denne og fylj vegen tilbake til bommen.
Denne turen kan og kombineras med turar mot Øvre Sveig, Horgo, Vassdalane, Jonstøl og Ljono.