star
star
star
star
star

Rundløype Moldaneset

Dette er ei kort og fin rundløype på ca 1,8 km. Turen startar på grusveg ned mot Smievågen. Skilt syner vegvalg undervegs. Løypa kan vera ganske blaut etter nedbør. Fleire stader på turen er det...
Photo: Øyvind Gjerde

Photos

Practical

Enjoy code: 610552
Om du kjem med bil, køyrer du mot Hatvik og tek til høgre ned mot Bjånes. Ved startpunktet for turen er det nokre få parkeringsplassar på venstre side eit stykke nedanfor Moldegård, men pass på at du ikkje står til hinder for gardsdrifta. Du kan òg parkere i Os sentrum og følgje skiltinga til Strandvegen. Denne turen fører deg til Smievågen.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
1.8 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ei kort og fin rundløype på ca 1,8 km. Turen startar på grusveg ned mot Smievågen. Skilt syner vegvalg undervegs. Løypa kan vera ganske blaut etter nedbør. Fleire stader på turen er det flotte svaberg der du kan setje deg ned og nyte utsikta utover fjorden, eller ta ein dukkert om det er ein sommarsdag. Det er òg gode forhold for stongfiske langs svaberga. Terrenget er lett kupert og passar for dei aller fleste. Turen tek om lag 25 minutt. Ved starten på turen står ei informasjonstavle det kan vere nyttig å studere.