star
star
star
star
star

Rundtur: Eidsneset - Akse - Grindeland - Vasslia - Eidsneset

Fin og enkelt rundtur på om lag ein time. Ein startar i byggjefeltet i Eidsneset, og føl den kommunale vegen til toppen, og held fram på privat skogsveg. Her passerar ein gapahuken til Åfjorddalen...

Practical

Enjoy code: 852528
Fleire mogelege utgangspunkt. Gode parkeringstilhøve i Eidsneset på skuleplassen, men ein kan og ha Åfjorddalen Bygdehus som utgangspunkt. Begge ca. 10 minutt frå Leirvik/Hyllestad i retning Dale. Bussamband frå Førde/Dale, og korrespondanse med hurtigbåt i Rysjedalsvika (Bergen/Sogn/Nordfjord). Overnatting på Leirvik Kro og Motell, eller Birkeland Camping.
Type
Outdoor
Target groups
Voksen, Barn, Senior
Duration
1 hour
Distance
4.7 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.enkel
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Fin og enkelt rundtur på om lag ein time. Ein startar i byggjefeltet i Eidsneset, og føl den kommunale vegen til toppen, og held fram på privat skogsveg. Her passerar ein gapahuken til Åfjorddalen Barnehage AS, og kjem inn på Den Trondhjemske Postvei. Følg postvegen nordvestover i retning Akse. Ved krysset mellom vegen til Akse og FV64, følg fylkesvegen 100 meter, og ta av til høgre mot tidlegare dyrka mark på Grindeland. Følg skogsveg / sti sørover. Nedstiging mot Espelandsvatnet er delvis gjennom planta granfelt. Fin og skjerma rasteplass med utsyn over Espelandsvatnet. Følg gamlevegen som går langs fylkesvegen tilbake til Åfjorddalen Bygdehus. Følg fylkesvegen tilbake til Eidsneset.

Turen er lett, går på gode stiar og er godt merka. Ein går i største delen gjennom ulike skogtypar, med gode sjansar for å sjå småvilt og hjort. Rikt fugleliv gjennom heile turen. Siste delen har utsikt over Espelandsvatnet, som er eit godt fiskevatn.