star
star
star
star
star

Rundtur frå Foldnes kyrkje - Botlanipene - Vågo

Med utgangspunkt frå Foldnes kyrkje, er der et godt tillagt turområde for alle formål. Her er fleire kilometre med gruslagt veg, med lys for mørke kveldar og mørke årstider. Turen vår starter frå...

Practical

Enjoy code: 134970
Foldnes kyrkje finner du med å køyre Foldnesvegen frå Straume, forbi heradshuset og fram til skilt som viser kyrkja. Her er stor, merka, parkeringsplass. Turvegen starter i søre enden av plassen.
Type
Outdoor
Target groups
Voksen
Duration
30 minutes
Distance
6.7 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.krevende
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Med utgangspunkt frå Foldnes kyrkje, er der et godt tillagt turområde for alle formål. Her er fleire kilometre med gruslagt veg, med lys for mørke kveldar og mørke årstider. Turen vår starter frå parkeringsplassen ved kyrkja og følgjer turvegen mot Hjelteryggen. Etter 2,5 km på turvegen, nesten på toppen mot Hjelteryggen, tek vi av på en sti på venstre side. Sjå nøye, då stien er litt skjult i vegskråninga. Då er det berre å følgje stien nord vestover ned mot Vassledvatnet. Nær vatnet vender stien nord austover, går over ein rygg, ned nordkanten av ei myr og opp over ein ås og ender på sti som kommer frå aust i forlenginga av Hjelteryggvegen. Over den siste åsen, er stien lett synleg når graset ikkje gror, men held vi et auge på kraftlina når vi går her, finn vi nok fram. Nede på stien i myra, går vi vidare nord vestover, passerer i kanten av Vaslevatnet og følgjer ryggen i nordleg retning fram til stikrysset kor vi skal gå sør vestover. Etter en kilometer kommer vi ned på eit ope område kor det ein gogn i tida tydelegvis har vore gardsdrift og beiting. Vi følgjer kanten bort til asfaltert veg, tar til venstre og er igjen på sti i enden av vegen. Nå følgjer vi stien i sør austleg retning bort til kanten av Kvernavatnet, vidare gjennom Goddalen, forbi Langavatnet og vi er tilbake på turvegen, like nedanfor der vi tok av på turen fram. Vi følgjer turvegen attende til parkeringsplassen. Turen er 7 – 8 kilometer og tar to timer med rask gange. I turtempo og med pauser, må vi nok regne 4 timer. Her er veg/sti på heile ruta, men det kan stedvis være blautt så gode sko er naudsynt. Terrenget er kupert, så dei minste borna må ta ein kortare tur. Om Foldnes kyrkje kan vi lese «Foldnes kyrkje er den sist oppførte av kyrkjene i Fjell. Grunnsteinen til kyrkja vart lagt ned av dåverande biskop Ole D.Hagesæther, 28.mai 2000, og vigslinga av kyrkja fann stad 22.april 2001.Kyrkja ligg nydeleg til på ei lita høgd ved Skiftedalsvatnet på Foldnes, og med den fekk også folket på Litle-Sotra "si" kyrkje, som dei hadde jobba for å få realisert i over 20 år.»