star
star
star
star
star

Rundtur langs Fossheimselva

Turstart på Fossheim der du går på sti langs Fossheimselva heile vegen opp. Når vassmengda i elva er stor kan du sjå korleis naturkreftene jobbar i elveløpet. Det er laga til sitjebenkar på det...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 684064
Ta av til Fossheim ved E39.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
3.2 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turstart på Fossheim der du går på sti langs Fossheimselva heile vegen opp. Når vassmengda i elva er stor kan du sjå korleis naturkreftene jobbar i elveløpet. Det er laga til sitjebenkar på det finaste utsikspunktet på turen. Frå "sessen" ser du rett mot Skei sentrum, Jølstravatnet, Orkja og Nonsnipa og Klauva i Sandalen. Returen går du delvis på same sti som på veg opp, men med avstikkar som fører deg til utsiktspunkt der du får sjå nydeleg parti ved Juvikvatnet på Fossheim. Dersom du ønskjer å gå på skogsveg ned att kan du i endepunktet gå vidare mot Fossheimselva, og krysse den over bru. Følg skogsveg heilt ned att til Fossheim.