Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Dette er ein variert rundtur utanfor vanlig trasé til Blånipo. Det er en flott og variert tur med en grei avslutning langs den vanlige ruten til/fra Blånipo.
Parker bilen ved bosscontaineren/informasjontavlen, og gå vegen mot gardane. Ved det midtre bruket går du ned mot Liland. Stien tar av mot sør (litt myr, merka i starten) ved raud hytte vert tydeleg straks du er oppe i lien. Hald fram opp til like under elvedemninga, der du krysser sva i det tørrlagte elvefaret, og så opp og over bru mot sør. Like etter finn du skilt mot Blånipo. No går det jamnt opp og sørover langsmed Blånipo en liten time. Per juli 2019 er ruten merka med blå pinner til nytt skilt som peikar opp mot sjølve toppen. Terrenget er lett å føte seg i, med fine små tjørn hele veien.
Der er nokre "varder" langs traséen, mest for kjentsfolk, det går en del sau i området som har tilsyn. Ser du desse veuit du at du ikkje går feil. Like før terrenget begynner å vende nedover, er det retningsskilt til Blånipo. Der er ingen tydeleg sti, men kun ein stad å gå opp: Mot aust. Det er bratt opp, og vart merka med blått hausten 2018. Herfra er terrenget litt ulendt, og du må ta nokre høge steg forbi knauser før du ser toppen. Her er det lett merka. Om du føler deg litt usikker her, så hugs at du skal oppover! På toppen tar du en god pause og nyter utsikten, og følger den vanlige ruta (tur 7 i brosjyren) tilbake til start:
Gå nedover over svaene mot Reinshjellane, der er lett varda og merka. Ha gjerne kartet (Stølsheimen 1: 50 000, Modalen 1:40 000) framme og følg med på kor du går, greitt hvis du ein gong skulle komme her i gråvær. Vel nede frå toppen, går god sti mot Viermyrdalen. Det er litt bratt i nokre stader, men ikke luftig.
På det smaleste partiet ligger rester etter dyregravar like ved stien. No er det en lettgått bakke ned mot elva. Stien er tydeleg og mykje nytta vidare nedover.
Den gamle stien mot Krossen, Stølsvegen, tar av like frampå fyllingen ved tunnellportalen. Den går over myra ved elva og ned mot øvste hyttefeltet, og gå traktorveg til øverste garden vidare til parkeringen. Det gir ein betre opplevelsen enn å følgje anleggsvegen ned til parkeringen.
11 km.
Høgdeforskjell: 400–1071 moh.