star
star
star
star
star

Rundtur til Huarplassen og Skomargjelet

Turen følgjer den gamle kyrkjevegen opp Feivallsberget til Huarplassen og ned att til Øvrabø via Skormagjelet. Stadvis bratt og variert rundtur som gir flott utsikt. Stien er noko utfordrande....

Practical

Enjoy code: 396404
Ta av frå fv 55 til Solvorn. Parkering i Solvorn sentrum eller ved Solvorn kyrkje.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult
Duration
2 hours
Distance
4.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen følgjer den gamle kyrkjevegen opp Feivallsberget til Huarplassen og ned att til Øvrabø via Skormagjelet. Stadvis bratt og variert rundtur som gir flott utsikt. Stien er noko utfordrande. Spanande landskap i canyonen Skormagjelet. Høgdeskilnad: 350 m.

Følg asfaltert veg opp gjennom bygda Solvorn. Merkinga byrjar frå Øvrabø, der turen går i bratt terreng oppover til Huarplassen. Utsikta er ei oppleving! Det er ingen farlege parti. Over Huarplassen kan ein ein velje å ta stien vidare oppover til Fevoll eller til Kjosakleivi. For å ta rundturen forbi Skormagjelet må ein gå nedover stien gjennom furuskogen mot Hafslovatnet. Stien svingar nedover mot Solvorn igjen forbi canyonkløfta Skormagjelet, gjennom Brekketeigen, forbi den gamle skytebana og ned att til gamlevegen mellom Solvorn og Hafslo.