star
star
star
star
star

Saudehornet 1303 moh

Fantastisk topp som er lett tilgjengelig direkte frå Ørsta sentrum. Storslagen utsikt. Turen starter på 140 moh og slutter på 1303 moh, 1160 høgdemeter som normal tar mellom 2-4 timer. Kondisjonen...
Photo: Jan Idar Sørheim

Photos

Practical

Enjoy code: 792765
Fra E39 ta av til Garvargata og til høgre i Håkonsgata. Kun 20 meter etter veikryss Garvargata/Håkonsgata så ny sving til venstre opp Vikegeila til parkering ved vassverket. Siste del er grusvei. Gode parkeringsmuligheiter.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Elderly, Youth
Duration
3 hours
Distance
3.7 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Fantastisk topp som er lett tilgjengelig direkte frå Ørsta sentrum. Storslagen utsikt. Turen starter på 140 moh og slutter på 1303 moh, 1160 høgdemeter som normal tar mellom 2-4 timer. Kondisjonen avgjer.

Start ved vassverket og følg anleggsvegen opp i Skåla til 3. vasshus. Over på sti/rås som er merka med skilt. Framover skogen et stykke og over elva. Her kan det bli småproblem dersom stor vassføring om våren. Følg råsa opp til "raudehytta" og videre oppover til ryggen av Vallahornet. Sjølve toppen av Vallahornet er kun en kort avstikker og normalt ikkje inkludert i turen så ikkje følg skilting dit, men sikt på ryggen omtrent midt mellom Saudehornet og Vallahornet. Råsa gir seg sjølv og er meget synlig heile vegen. Har det regna en del så blir det lett glatt, sleipt og gjørmete i denne delen.

Fra ryggen går råsa ca 500 høgdemeter rett opp ryggen av Saudehornet (sørryggen). Denne er noke meir krevande og bratt. Dei fleste har ingen problemer her sjølv om enkelte partier kan kjennes litt luftige, men ingen farlige partier (sommer - vinter er noke helt anna). Toppartiet er luftig og enkelte unngår siste 5-10 meterne bort til varden.

Alternativ rute i Skåla:

Ved 3. vasshus så fortsett i staden vidare på vegen, gå forbi gapahuken og fortsett til 4. vasshus som er vegs ende innst i Skåla. Tar den nederste råsa bort til raudehytta som er godt synlig. Der møtes dei og resten opp er lik.

Sesong:

Snørik vinter kombinert med kald vår kan gi snø i toppområdet langt ut på sommaren.

Motbakkeløp

Kvart år arrangeres motbakkeløpet,Saudehornet Rett Opp, den første laurdagen i august. Rekorden skal være rundt 47 minutt og det er heilt frå småbåthavna i Ørsta. Trur nok dei fleste dødelige må beregne 47 min fra Vallahornet og opp :)