Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Turen går frå Skogen Sletta via Eggjene og Storsåta til Ståemyrane. Turen kan gjerast til ein rundtur om ein fortset til Såtemyrane og går Eggjedalen attende (stiane her er ikkje så godt merka).
Turen startar ved den store parkeringsplassen på austsida av samfunnshuset og går i retning sørover. Stien følgjer merka sti over høgdedraga til Eggjene og vidare til stolpen på Storsåta. Undervegs kjem ein til fleire utsiktspunkt med flott utskt i fleire retningar, mellom anna vestover til Lygra og Lindås og når ein kjem til Storsåta kan ein også sjå heilt til Manger kyrkje. Det er sett ut benkar fleire stader undervegs.
Om ein ynskjer å gjera turen til ein rundtur kan ein fortsetja eit lite stykke vidare sørover frå Storsåta og ned til Såtemyrane. Her finn du eit flott, restaurert torvhusmiljø med sju torvhus (nokre er doble). Stien følgjer dalen nordover til Skogen Sletta. NB: Denne traséen kan vera våt ved mykje nedbør.
Turen er med i Stolpejakten i Alver 2020. Det er sett ut stolpe på Eggjene og på Storsåta. Les meir om Stolpejakten på www.stolpejakten.no og www.Knarvikmila.no.