Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Rute nr. 7 - Skoret/Høgenut* Skoret 550 m o.h./Høgenut 862 moh. Bratt, fin gangstig med flott utsikt heile vegen. Undervegs finn ein eit stort biologisk mangfald og mektig utsyn over Fyresdal sentrum og nordre delen av Fyresvatn. På veg opp bør ein ta vegen om det gamle småbruket Skoret. Her var det fast busetjing fram til 1880-åra, men det er dokumentert som øydegard i 1686. Her finn ein ei open varmestove som kan nyttast til rast eller ly for uvêr. Ved utkikkspunktet ved Skoret er det bord og benkar og bok å skrive i. Fylg merka rute vidare til toppen av Høgenut. På toppen er det ei høg mast som gjev signal til radio og fjernsyn, sikringsradio m.m. I desember blir masta med adventsljosa tent. Denne ein kan sjå frå store dela av bygda. Fylg same vegen ned att. Hugs å skriv namnet ditt i boka. Total lengde: 6 km. Stigning til Skoret: 250 m. Stigning til Høgenut: 570 m. Terreng: Bratt, krevjande. Gangtid: 3 timar.