Smalahovesleppet 2024

Sjå https://smalahovesleppet.no/ for heile programmet. __________________________________________________ TORSDAG 18:00 MOR DI OG DEI - (INTIM) KONSERT MED OLAV STEDJE TORSDAG 26.9 MEIERIET 18...
26.Sep
-
10:00am

Details

Sjå https://smalahovesleppet.no/ for heile programmet.


TORSDAG

18:00 MOR DI OG DEI - (INTIM) KONSERT MED OLAV STEDJE TORSDAG 26.9 MEIERIET 18 års aldersgrense

Enkelt og greitt: Olav Stedje kjem, og det gjer mor di og. Verre er det ikkje! Sannsynlegvis den mest sjarmerande konserten du har opplevd på denne sida av nittitalet. Perfekt opplegg - kjøp ein billett til mor di og dei, og få igjen (med renter) til jol! Far din vil garantert på Vossakvelden etterpå, så han kan like gjerne få bli med (pappa betaler!)

20:00 EPISK VOSSAKVELD MED QUIZ, BINGO OG (MEDBRAKT) SAU! TORSDAG 26.9 MEIERIET 18 års aldersgrense (Drillo og Scheie måtte diverre melde avbod grunna sjukdom. Istaden får du verdas beste reservelag!)

Er du sportsidiot? Snakkar du framleis om fotballkampar du såg for 20 år sidan? Er du fanatisk oppteken av kommunalpolitikk og gamle reguleringssaker? Har du ei platesamling som du aldri blir ferdig å høyra på? Likar du å vinna i bingo? Denne kvelden er til deg!

  • LEGENDARISK QUIZ med Davy Wathne, eks-ordførar Hans Erik Ringkjøb og Arne Hjeltnes!
  • Tormod "Tommen" Knapstad heisar opp stemninga med den sagnomsuste musikkbingoen sin!
  • Fare for at me får besøk av fleire kjendisar! Samle eit lag (hugs å ta med damene!) og bli med på galskapen!

FREDAG

18:00 LITT TAO KVART LOKALREVY OG BONDEPUB FREDAG 27.9 MEIERIET 18 års aldersgrense Har du traktor? Har du sau? Har du kyr? Har du hund eller katt? Likar du lukta av nymøka gras om våren? Bur du utanfor sentrum? Høyrer du til eit grendalag? Bondelaget? Småbrukarlaget? Bygdekvinnelaget? Handelslaget? DENNE KVELDEN ER FOR DEG SOM LIKAR BYGDA BEST!

  • Dei aller beste revynummera frå grendalaga kjem på rad og rekke!
  • Dans og bondepub med Uncle Bennys Building Supplies Band
  • Me har invitert ein eksentrisk danske som speler sørstatsmusikk på heimelaga gitarar
  • Diskutér mjølkekvotar og gjerdeplikt i trygge omgjevnader!
  • GRATIS TRAKTORPARKERING (kun 50 kroner viss den ikkje er raud)
  • Levér i frå deg trekkspelet i døra og få halv pris på t-skjorte (OBS du får det ikkje tilbake).

LAURDAG

HEILT GRATIS! FØRFEST MED 3x HJELTNES OG B-KJENDISAR LAURDAG 28.9 - 17:00-19:00 (dørene opnar 16:30) Dette er podcasten som tek for seg det meste, og som kan svinga alle vegar. Det einaste som er sikkert er at MOR ANDI kjem og seier det ho meiner, og at alle får SUKKER I BUKSA. Kom tidleg og få GRATIS DRAVLE servert i alt for små beger med ei sånn skei som er vanskeleg å eta med.

19:00 "HOVE FOR HOVE" SMALAHOVEMIDDAGEN OVER ALLE SMALAHOVEMIDDAGAR! LAURDAG 28.9 - 19:00 (hugs å få med deg førfesten med Hjeltnesane fyrst!) OBS! BEDRIFTSBESTILLINGAR SENDER DU TILheiltsjef@smalahovesleppet.no 20 års aldersgrense MEIERIET

Den einaste festen der (rein) florsdress er flottare antrekk enn vanleg dress.

  • Arne Hjeltnes er festleiar
  • Bingo med B-kjendisar - tvilsame premiar!
  • Dans med Strók
  • Alt kan skje
  • Drosjane hentar med fyrste ledige bilnår du har fått nok, eller avløysaren ringer.
  • Viss du leikar med maten får du melding med heim frå Mor Andi.

Practical

Enjoy code: 680619
Type
Scene
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo