star
star
star
star
star

Smørdalen

Føl skilt til Smørdalen (oransje merking, dels gule merkeband). Relativ bratt stigning opp gjennom granskogen inntil stidele til Laupsaflyane. Deretter nord-vestover i litt slakare terreng gjennom...
Photo: Anna Mo-Bjørkelund

Photos

Practical

Enjoy code: 224010
Fv7 til Øystese, ta av mot Soldal og følg vidare skilting mot Fitjadalen. Blekeld ligg 3/4 inn langs vatnet. Her kan du parkere. Ved vatnet er brygge, toalett og høve for å grille.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Youth, Adult, Kids
Duration
2 hours
Distance
1.7 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Føl skilt til Smørdalen (oransje merking, dels gule merkeband). Relativ bratt stigning opp gjennom granskogen inntil stidele til Laupsaflyane. Deretter nord-vestover i litt slakare terreng gjennom lauvskog, før stien igjen stig bratt oppover lia. Kan vera litt vått på førsommaren. Stien held fram på austsida av Smørdalen med utsyn til brusande elv i gjelet og fjella Skrott og Håstabben i front. Føl sti og merking til du ser posten ved stien. Om du ikkje vil returnera same veg tilbake, kan du følgja sti og merking vidare til Håsete for retur via T-merka rute til Fitjadalen. Frå Håsete kan du også gå T-merka rute til Breidablik og til toppen av Skrott. Alternativ rute tilbake - føl skiltet og dels merking til stølen Laupsaflyane, gå ned stien på austsida av Flyelva og returner gjennom same granskogen som du gjekk opp.