Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Stig i Breheimen frå Sota Seter i Skjåk over Randsverk til Brennsetra. Utsikt over Liavatnet, Sota og mot Tverrådalskyrkja. Gå opp setervegen og geilen mellom setrene. Stigen fører deg opp lia og inn i Breheimen nasjonalpark til Puttberget. Flott utsikt over Liavatnet, Sota og Tverrådalskyrkja.
På Puttberget går du over ein haug der ei gamal jernvinne låg. Stigen går langsetter Puttberget, over myrane og fram til Illvegen. Her møter du stigen som går opp til Rundhaug og Raudhaug.
Stigen går over Randsverk der du kan sjå spor etter ei gamal seter. Området var verdifullt på grunn av jernvinne, kleberbrot ovafor Raudhaug, falkefangst og reinsjakt før i tida. Det som folk fekk ut av utmarka om sommaren, var ofte overskotet som garden hadde i løpet av året.
Snart passerer du Randsverkgrove og lengre framme ligg Randsverktjønn. Følg stigen fram til kanten på Brennseterberget. Stigen går nedover langs berget, over søre Randsverkgrove, nord for ei stor steinrøys og ned til Baksidebrennsetra. Det er bratt og ulendt terreng på nokre stadar. Du kjem ned på Sotvegen ca. 2 km sør for Liavassosen og 4,7 km nord for Sota.