star
star
star
star
star

Sotnos - Tyssedalstølen (Stølstrimmen)

Vegen er skilta med DNT-skilt frå fylkesvegen, og løypa frå Sotnos er T-merka heilt til Mjølfjell. Du ser skiltet rett ovanfor svingen, frå der ein kan parkera. Det er ein flott og variert tur....
Photo: Birte L. Sæland

Photos

Practical

Enjoy code: 871042
Fylj Espelandsvegen frå Ulvik, rett før vegskiljet til Solsævegen er det råd å parkera på venstre sida. Om ein ynskjer kan ein heller kjøyra til Sotnos, rett før brua og rett etter er det plass til å parkera.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
5.7 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Vegen er skilta med DNT-skilt frå fylkesvegen, og løypa frå Sotnos er T-merka heilt til Mjølfjell.

Du ser skiltet rett ovanfor svingen, frå der ein kan parkera.

Det er ein flott og variert tur. Litt opp og ned i byrjinga. Så kjem du til eit litt våtare parti, går gjennom ei grind og er inne i dalbotnen, ein typisk U-dal. Her beiter sauer, og i bekken kan du jamvel sjå småfisk. Det er særleg kjekt, dersom du har born med! Stien er tydeleg, men siste kneika kjennest på pusten.

Du treng 1 ½ time minst, før du er oppe ved stølen. Det er mellom 6. og 7. kilometer opp dit. Vegen er som alltid lettare i unnabakken, men du må gå litt forsiktig og brukar om lag same tida ned att. På heimvegen i enden på flaten ser du ein sti beint fram og ein til venstre. Du går til venstre!

(Tekst: Steinar I. Bergo)